søndag 24. februar 2008

På tur til McKenzie County, Nord Dakota



Natt til lørdag 23. februar starta vi på den andre lange etappen internt i USA på denne februar 2008-turen. Vi, det var vertskapet Barbara og Jarrett, og eg. Eg spurde dei tidlegare i veka om dei verkeleg ville dette, men det var ikkje nei å få. Så sant det ikkje var varsla storm/uver så ville dei gjera denne turen saman med meg.

Vel, det har vore litt av ein tur - ein veldig fin tur. Vi starta alt kl. 04.00 natt til lørdag frå Waconia. Jarret og Barbara bytte på å køyra, eg sat i baksetet med pc-en og retta norske stilar som vaksenelevane mine skal få tilbake via e-post før eg kjem heim igjen. I sjutida - trur eg det var hadde det lysna bra i aust, og eg begynte å ta bilde av den stigande sola.

Det var spesielt å køyra heimefrå (Waconia, ca. 6-7 mil vest for Minneapolis) i ca minus 20 grader Celsius, og så å oppleva at gradestokken kraup nedover og nedover, slik som for ei veke sidan, då vi reiste sørover til Kansas i minus 30 grader Celsius på det kaldaste. I dag vil eg tru at gradene stoppa på minus 25 grader Celsius kanskje, ein stad før vi kom til Fargo, byen som ligg på grensa mellom Minnesota og Nord-Dakota.

Frå Fargo bar det vestover på Interstate 94 (på norsk: mellomriksvegen), i 75 Miles per hour. Eg knipsa bilde av snøkrystalldekte skogholt og det eg ellers kunne sjå av motiv.

Vi kom etter kvart til Bismarck, ein litt større by ute på det norddakotaske slettelandet, og etter Bismarck bar det gradvis inn i "the Banana Belt". Det merka vi på den måten at snøen og den strenge kulden litt etter litt forsvann, det var bare marker og masse kveg ute på prærien. Dette ”bananbeltet” er varme luftstraumar som varmar opp området heilt frå Rapid City i Sør Dakota. Det var som å reisa frå vinter til vår. I Dickinson var det vårleg i lufta. Vi køyrde opp til kontora til Contex Energy Company, møtte Jeff og fekk ordna det vi skulle ordna med han. Kjapt og effektivt. Han gav oss óg eit kart og forklarte korleis vi kunne finna landområdet med mineralrettane.

Rett etter Dickinson dukka den første oljepumpa opp. Nokre av dei er i sakte rørsle, og pumpar oljen opp frå djupet. Andre står der urørleg, dei er stille vitnemål om oljehåp som ikkje slo til. Lastebilane vi møter er nesten alle tankbilar. Ved oljebrønnane står det tre-fire eller fleire tankar der dei samlar opp den oppumpa oljen. Ved småbyen Belfield tar vi av nordover på highway US85. Snart kjem vi til McKenzie County, og vi ser etter milestolpe 136 på US85. Det er ved milestolpe 136 at vi skal finna det landområdet vi er på leiting etter.

Og vi fann det. Langs riksvegen er det flate marker stort sett, med ein liten bekk og ein liten skog. Ein grusveg tar av frå riksvegen mot aust. Den følgjer nordre grense av seksjon 19, som vi er på leiting etter. Vi stoppar og går ut av bilen. Ser utover, tar bilde av det vi ser. -Her var det at Sivert Kambestad hadde gard i første halvdel av det forrige hundreåret. Vi kan sjå eit bustadhus av relativt ny dato, der ein bil står utanfor. Litt lenger borte kan vi sjå eit eldre hus, og litt bortanfor det, ein silo og nokre hestar. Det er ingen vi kan spørja, og det har vel i og for seg heller ikkje noko for seg. Det litt komiske i dette er jo at det ikkje er det landet vi ser som er interessant. Det er tvert imot det vi ikkje ser, det som er under overflata, som er det vi interesserer oss for: mineralrettane.

Ingen kommentarer: