lørdag 16. februar 2008

Heim igjen til Waconia, Minnesota







Vi fekk ein fin tur heim igjen under blå himmel og sol. Landskapet veksla igjen frå det litt karrige jordsmonnet i Kansas og Missouri, der det nesten ikkje var snø igjen på bakken, til det meir frodige og rike Iowa og Minnesota, med snødekte marker og store område med dyrka mark.


Igjen måtte eg tenka på oldefaren min, Oddmund Kambestad og kona hans, oldemora mi, Ragna Kambestad. Dei emigrerte frå Norge til Amerika i 1886. Dei gifta seg der borte, kjøpte ein farm i Iowa og fekk dei fire borna sine mens dei budde på den farmen (Sivert, fødd 1891, Edvin (1893), Sigrid (1895), og Hanna (1897). Etter at Hanna var fødd, vart Ragna sjuk. Ho hadde fått tæring (tuberkulose), og familien selde farmen og reiste heim igjen til Norge, der Ragna Kambestad døydde i 1899, 32 år gammal.



Mens vi køyrde nordover gjennom Iowa igjen og eg såg på kartet, tenkte eg på at det må vel finnast nokon i familien som veit noko om kvar i Iowa den farmen var. - Er det nokon som kjenner til i kva for 'county' ('fylke') eller 'township' ('herad', 'kommune') farmen til Oddmund og Ragna Kambestad låg?

Ingen kommentarer: