torsdag 21. februar 2008

Søndag 17. februar - på Peer Gynt-forestilling



Då vi køyrde langs landevegen i Minnesota denne morgonen såg vi ein ulv på den snødekte marka nær vegen. -Er det verkeleg tilfelle? tenkte eg. I Norge er det full alarm berre nokon har sett snurten av ein ulv, og bøndene kjem ut med mord i blikket og gevær i handa. Det var sjølvsagt ingen ulv der vi skulle - eller?

Eg var saman med Barbara og Jarrett på matineen der dei viste Henrik Ibsen sitt stykke Peer Gynt på Guthrie-teateret. Det var også ein diskusjon etter stykket som vi var til stades på. Barbara og Jarrett hadde fått tak i gode plassar til oss, så vi hadde ei fin teaterstund.


Peer Gynt – mor sin gut
Av Øivind H. Solheim

Søndag 17. februar hadde eg gleda av å vera på matinee på Guthrie-teateret i Minneapolis. På programmet stod Henrik Ibsen sitt stykke Peer Gynt, i ei heilt ny omsetjing av Minnesota-poeten Robert Bly, som har røtter frå Bleie i Hardanger.

Starten på stykket var ein for meg heit ny måte å introdusera hovudpersonen og handlinga: Venner av den 50 år gamle Peer Gynt hadde laga til eit ’surprise party’ for han, plassert rett inn i våre dagars Minnesota/Norge. Midt i denne feiringa blir vi ført tilbake til den tradisjonelle opningsscenen i stykket og til bygdesamfunnet i Norge midt på 1800-talet. Stykket kunne starta:
Mor Åse: Peer! Du Lyver!
Peer: Nei, det gjør jeg ei!

Mark Rylance gjer i rolla som Peer Gynt ein fantastisk innsats. I opningsscenene maner han fram for oss Peer sin samansette og likevel så enkle karakter, denne unge guten som er ein slags outsider i det vesle bygdesamfunnet, på grunn av bakgrunnen sin og måten han møter utfordringane på. Far hans drakk, og for å kompensera for det som guten ikkje fekk frå familien sin (les: faren), brukte mor hans Åse, å fortelja han alle slags eventyr, og dette vart på ein måte Peer sin tilflukt og flukt frå det gråe dagleglivet.

Mark Rylance viser gjennom tolkinga si korleis Peer blir dradd mellom ønsket om å vera del av lokalsamfunnet, og ønsket hans om å utføra store bragder som kan gi han ein posisjon over sambygdingane og løfta han opp til ein slags heltestatus. I den eine stunda har Peer styrke nok til å seia ”nei takk” til tilbodet om brennevin som dei andre gutane kjem med, men like etterpå blir det for vanskeleg å stå imot. Han drikk seg full, og endå ein gong oppfører han seg nøyaktig slik dei andre ventar å sjå han. Han svik seg sjølv.

Det som eg likte i denne delen av stykket var Mark Rylance sin kunst då han formidla kor sårbar den unge Peer Gynt er. Peer er i desse scenene ein gut som eg kan ha medynk med og som eg kan bli glad i. Eg kan håpa at dei gode sidene i han vil vinna over dei dårlege (sjølv om eg veit kva som hender seinare i stykket).

Då vi møter Peer igjen på slutten av stykket, viser Mark Rylance oss ein gammal og desillusjonert mann som skjøner at noko har gått forferdeleg gale i livet hans: han har valt feil heile vegen, og han har svikta seg sjølv. For meg var det ei sterk oppleving å sjå Mark Rylance sin aldrande Peer, særleg når eg tenker på hovudpersonen i lys av omsetjaren Robert Bly og hans mannsrørsle (”Men’s movement”). Det er ikkje overraskande at Peer Gynt-figuren er svært interessant for Robert Bly. For kven er Peer Gynt? Ein ung gut – ein mor sin gut in Bly sin ordbruk – ein gut som har blitt forsømt av far sin gjennom barndommen og ungdomsåra, ein mann som derfor går glipp av overgangen frå det å vera gut til å bli ein moden mann og far. I eit fjernsynsintervju snakkar Robert Bly om dette mor sin gut-perspektivet på Peer Gynt, og han nemner óg seg sjølv som ein som har vore mor sin gut. Det nære forholdet som Robert Bly har til det å veksa opp med problem som liknar dei Peer Gynt vaks opp med, har nok vore eit viktig element og ei drivkraft i Robert Bly si interesse og motivasjon for å omsetja og tilpassa Henrik Ibsens Peer Gynt. Og eg skundar meg å legga til: takk og pris for det, for det er denne relasjonen mellom Peer Gynt og Robert Bly som gjer at meisterverket Peer Gynt taler direkte til hjarta våre i denne nye gjendiktinga og oppsetjinga.

Ibsen sitt stykke har nok tekst til ei seks timar lang forestiling på scenen, og dette omfanget er nok ein av dei største utfordringane for alle som tar på seg den store oppgåva det er å setja opp Peer Gynt. Også i dette perspektivet har Robert Bly og regissøren gjort eit framståande arbeid der dei omhyggeleg har valt ut scener og dialogar, og på denne måten har dei skore stykket ned til det meir praktiske tretimars-formatet.

Eg opplevde at dialogen var lett å følgja og at den gjekk som hand i hanske med den visuelle framstilinga av stykket. Stykket er opphaveleg, frå Ibsen si hand, skrive som eit poetisk dikt med rim. Robert Bly vart for om lag tjue år sidan beden om å omsetja Peer Gynt for eit teater i New York, og han hadde omsett den første delen av stykket til ein versjon utan rim då regissøren fekk problem med økonomien og han måtte stoppa. Det er interessant – og også ei lykke å sjå at Robert Bly har valt å gjera denne nye gjendiktinga (dei siste delane av den, som han ikkje gjorde for 20 år sidan) med rim. Bly sine rim tilfører stykket ein ekstra verdi, ofte ved at dei kallar fram latteren hos publikum. For meg er rima heilt naturlege, dei er ein viktig og integrert del av stykket.

I denne nye gjendiktiga kom også publikum – slik eg opplevde det – nær stykket sin opphavelege eigenart på grunn av dei nære banda som Robert Bly har til det norske. For meg personleg var det ei spesiell stund då eg høyrde skodespelaren Mark Rylance tolka Peer si spenning i den stunda med ettertanke då han som ein gammal mann kjem tilbake til Norge, lener seg mot skipsrelinga, ser innover mot land og beskriv Hallingskarvet og Folgefonna. Sidan eg sjølv kjem frå denne delen av Norge, og ettersom eg kjenner til Robert Bly sine røtter frå det same området, vart dette for meg ein gyllen augneblink. Akkurat som resten av stykket!

18. Februar 2008

Ingen kommentarer: