torsdag 21. februar 2008

Peer Gynt – mor sin gut

ØHS: Kan du seia noko om dette med mor sin gut-omgrepet i samband med Peer Gynt?

RB: Ja, ein av dei beste tinga som Jung gjorde, var å legga stor vekt på kva som hender i ein kultur når faren har svært lite å seia, noko som meir og meir er tilfelle i USA. Tusenvis av unge gutar blir oppfostra berre av mora. Så Ibsen fanga på ein måte dette opp for mange år sidan, før Jung. Det Ibsen seier her er at når du blir oppfostra av mor vil ho la deg sleppa unna altfor lett fordi ho rett og slett blir sjarmert av deg. Ein annan ting som hender er merkeleg nok at du kjem til å utnytta kvinner gjennom heile livet ditt. Utnytting har mange former, eg meiner ikkje fysisk utnytting. Peer Gynt har det eine kjærleiksforholdet etter det andre, og han bryr seg ikkje i det heile tatt om kva han har gjort i livet til desse kvinnene. Det er liksom mor hans allereie har han, så korleis kan han då bli gift igjen?

Det er det eine det fører med seg. Det andre er at mora legg altfor stor vekt på personlegdommen hans, på han som individ og på talentet hans. Mens faren, det er han som kanskje heller seier: - Det gir deg ikkje rett til å vera stygg! Du må likevel jobba og tena til livets opphald og dei tinga der. Det er faren si stemme. Det kjem inn meir eller mindre.

Det er forunderleg å sjå dette. Vi har enno ikkje hatt eit amerikansk stykke som har gjort så mykje med mor sin gut som Ibsen gjer. Så det er noko med dette stykket som er fantastisk, strålande. Og mi glede då eg omsette det var å sjå kva eg kunne få ut av det.

At i at seier det noko slikt som dette: Du må berre halda fram med å vera mor sin gut, og gjera det heile vegen, til du blir middelaldrande, og så kjem du til å hamna i eit galehus i Kairo. Spådommen er ikkje god, og dette er starten på tilbakekomsten hans. Og så, som du veit, i den siste akten kjem han tilbake til Norge, og han kjem på besøk til nokre av dei stadene der han var tidlegare. Og enkelte trur at ha allereie er død, og dette er som når ein død mann besøker stader der han brukte å vera som gut.

Moderniteten i stykket er forbløffande. Då eg omsette det, skreiv eg i eit notat til regissørane: Det største problemet kjem til å bli den siste scenen, der Solveig kjem inn og han legg hovudet sitt i fanget hennar, og ho seier: Eg har venta på deg, veit du. Og mange av kvinnene som eg har møtt seinare, særleg feministane, var sinte på grunn av denne scenen.

Ø: Kvifor det?

RB: Fordi ho har kasta bort heile livet sitt for at han skulle få legga hovudet sitt i fanget hennar. Men det er ikkje det stykket handlar om. Stykket seier dette: Peer Gynt visste ikkje kven han skulle gi livet sitt til. Solveig gav livet sitt til Gud. Ho er den av dei to som gjer det rette. Eller ho er den av dei som er djupare. Det sluttar på ein måte skamfullt for han, der han legg hovudet sitt i fanget hennar.

ØHS: Ho er på same tid både mor hans og kona hans?

RB: Ja. Men det er óg ein augneblink der som er veldig viktig, det er konklusjonen på det heile. Det er kanskje den einaste augneblinken då han er beskjeden i heile stykket. Ein augneblink på slutten då han legg hovudet sitt i fanget slik som ein gut og ei mor, men det er samstundes óg ein heider til mora.

Ingen kommentarer: