mandag 10. mars 2008

Robert Bly – poet og samfunnskritikar


Robert Bly vart fødd i 1926 i Madison, Minnesota av foreldre med norsk opphav. I 1956 reiste han til Norge med Fulbrightstipend for å omsetja norske dikt til engelsk. Seinare har han bl.a. omsett Rolf Jackobsen og Olav H. Hauge til engelsk.

I 1966 grunnla Robert Bly organisasjonen Forfattar mot Vietnamkrigen. Då han i 1969 fekk Den nasjonale bokprisen (the National Book Award ) for diktsamlinga Light Around the Body, gav han pengane til anti-Vietnamkrigs-rørsla.

Robert Bly har gitt ut 20 diktsamlingar, sju antologiar, 13 omsetjingar og sju ikkje-skjønnlitterære verk. Blant dei seinaste diktsamlingane er ”The Night Abraham Called to the Stars”. I denne diktsamlinga, påbegynt før 11. september 2001, er alle dikta er skrivne i den krevande, arabiske ghazal-forma. Bly formulerer i denne samlinga bl. a. krass kritikk mot den amerikanske krigføringa i Irak.

Robert Bly er kjend for å tala mannen si sak. Han blir rekna som grunnleggaren av den myto-poetiske rørsla (the Mythopoetic Men’s Movement) med boka Mannen. Ei bok om menn (Iron John. A Book About Men ) frå 1990, og er òg kjend for bl.a. essayet Søskensamfunnet (The Sibling Society) om ’det farlause samfunnet’.

Vinteren 2008 sette Guthrie-teateret i Minneapolis opp Ibsen-stykket Peer Gynt i Robert Bly si omsetjing. Framsyninga hausta mange lovprisingar, bl.a. for Robert Bly si omsetjing og skodespelaren Mark Rylance si tolking av hovudrolla.

26. februar 2008 utnemnde guvernøren av Minnesota Robert Bly til ærespoet for staten Minnesota. I media kommenterte Bly utnemninga bl. a. slik: ”Det er kjekt å bli litt verdsett i din eigen stat. Det er viktig for meg. … Eg er fødd i det vestlege Minnesota, og vi har ein god litterær tradisjon i denne staten. Eg set pris på at dei tenker på meg som ein del av denne tradisjonen. Dei skreiv til meg og sa noko om det, og eg svarte at dersom det ikkje fører noko arbeid med seg, så er det greitt for meg. … Å ha ein ærespoet i staten vil vera til støtte for enkelte av dei yngre, komande diktarane.”

Våren 2008 er den 81-årige poeten invitert til å halda ei forelesingsrekkje ved Standford-universitetet i California om diktarar han har kjent.

lørdag 1. mars 2008

Ibsens geni

http://usblog2008.blogspot.com/

Intervju med Robert Bly,
Ved Øivind H. Solheim

ØS: Eg såg ein stad at du seier at dei realistiske stykka viser oss Ibsen sitt talent, mens Peer Gynt viser oss den geniale Ibsen.
RB: Det er ein skala, sjølvsagt. Gleda i det heile. Genia er kjende for å vera veldig leikne, og det kjem ikkje særleg mykje fram i stykka i daglegstova. Dette er det siste stykket der han kan kosa seg i sin eigen genialitet før han set i gang med å skriva dei stykka som dei vil ha av han. Dette er Ibsen sitt meisterverk, ja, det meiner eg, så det var ei stor glede for meg å omsetja det.
Det skulle setjast opp for om lag 20 år sidan av ein regissør i New York. Så kom han opp i økonomiske problem, så det stoppa opp der.
Mark Riley høyrde om det - han var direktør for the Globe Theatre i London i 20 år. Han skreiv til Guthrie’s og sa at han ville leiga Robert Bly til å omsetja Peer Gynt til engelsk, og at han ville koma over og spela hovudrolla. Og dei sa: – Åja, ja, det gjer vi!

ØS: Eg kan sjå parallellar mellom Peer Gynt og det arbeidet du har gjort saman med andre menn (the Mens’ Mouvement).
RB: Slik var det ikkje for meg. Eg tenkte ikkje på folk som var lystige slik som Peer Gynt. Eg hadde i tankane alle slags menn som var deprimerte, einsame og i dårleg form. Det var desse mennene eg prøvde å hjelpa med Mannen (Iron John. A Book about Men). Og eg sa til dei at å delta der, vi kunne seia at det var seks steg eller trinn. Og folk kunne koma til meg og seia: ja, eg har vore på trinn to i 30 år. Så det var den slags ting eg arbeidde med på den tida. Eg gjer det framleis av og til. Eg var like så overraska som nokon då eg skjønte kor mykje Peer Gynt er i slekt med det temaet.

Søskensamfunnet





Intervju med Robert Bly,
Ved Øivind H. Solheim

ØS: Dette ordet - søskensamfunnet – det er tittelen på ei av bøkene dine?
RB: Ja, det betyr at det ikkje er nokon far. Vi er alle saman brør og søstrer. Det er eit samfunn der alle er like, og der alle ser på tv om kveldane. Og ingen respekterer i grunnen far sin, dei respekterer ikkje mor si. Dei overser bestefedrane og bestemødrene sine. Det er søskensamfunnet.
ØS: Og kor lenge har det vore slik?
RB: Å – eg veit ikkje nøyaktig. I femti år truleg.
ØS: Og korleis har det blitt slik?
RB: Fordi vi vil vera barn. Vi vil ikkje vera vaksne.
ØS: Korleis det?
RB: Det er for mykje arbeid å vera vaksen, og så vil vi ikkje ha normer, vi vil ikkje ha nokon som kjem til oss og seier: Du oppfører deg barnsleg. Vi vil at alle skal oppføra seg barnsleg. Då føler vi oss alle heime. Ja, ein kunne kalla det fars-dreparsamfunnet.
ØS: Du seier ein stad at kvinnene har funne plassen sin, eller har fått styrkt posisjonen sin gjennom kvinnerørsla. Kva tenker du om kvinnerørsla - har dei motarbeidd deg?
RB: Å, det var nokre i starten. Dei var sinte på meg fordi eg skreiv mykje om kvinnesaker ei tid, og så sa dei: Å, no sviktar han oss, no skriv han om menn, så han er vel ein av desse som vil ha makt over kvinner. Men så - eg brukte å ha møte, der kunne vera ein tre-fire hundre menn. Og ein gong då eg såg opp var det ei kvinne der – ingen tvil, ei kvinne utkledd som mann. Og ho var blitt send av kvinnerørsla som spion for å finna ut kva eg gjorde.
ØS: Så du let ikkje kvinner koma på desse møta?
RB: Nei. For det første så har ikkje menn så mange høve til å snakka saman. Og det fanst ingen stad der dei kunne gjera det. Så eg ordna med ein slik stad der dei kunne koma og seia det dei ville. Dei fleste snakka om at dei sakna far sin. Og då sa kvinnene:
- Saknar du ikkje mor di?
- Vel, det er ikkje det som er poenget. Eg saknar far min!
Så det brukte då å vera ei gruppe menn med usynlege fedrar. Og ein gong i blant tok ein far med sonen sin. Eller sonen tok med faren. Så det var ikkje noko antifeministisk det. Dei forstod det etter kvart.
ØS: Ja?
RB: Ja, det er slik det er, menn har ikkje høve til å snakka med kvarandre. Kvinnene gir ofte døtrene sine meir ansvar enn det mennene gir sønene, og eg veit ikkje grunnen til det. Kanskje er det slik at mennene føler at det er fare for at sønene ikkje vil vera glade i dei, så dei prøver å vera mjuke med sønene sine. Så det er vanskeleg. Og hardt for gutane.