lørdag 1. mars 2008

Søskensamfunnet





Intervju med Robert Bly,
Ved Øivind H. Solheim

ØS: Dette ordet - søskensamfunnet – det er tittelen på ei av bøkene dine?
RB: Ja, det betyr at det ikkje er nokon far. Vi er alle saman brør og søstrer. Det er eit samfunn der alle er like, og der alle ser på tv om kveldane. Og ingen respekterer i grunnen far sin, dei respekterer ikkje mor si. Dei overser bestefedrane og bestemødrene sine. Det er søskensamfunnet.
ØS: Og kor lenge har det vore slik?
RB: Å – eg veit ikkje nøyaktig. I femti år truleg.
ØS: Og korleis har det blitt slik?
RB: Fordi vi vil vera barn. Vi vil ikkje vera vaksne.
ØS: Korleis det?
RB: Det er for mykje arbeid å vera vaksen, og så vil vi ikkje ha normer, vi vil ikkje ha nokon som kjem til oss og seier: Du oppfører deg barnsleg. Vi vil at alle skal oppføra seg barnsleg. Då føler vi oss alle heime. Ja, ein kunne kalla det fars-dreparsamfunnet.
ØS: Du seier ein stad at kvinnene har funne plassen sin, eller har fått styrkt posisjonen sin gjennom kvinnerørsla. Kva tenker du om kvinnerørsla - har dei motarbeidd deg?
RB: Å, det var nokre i starten. Dei var sinte på meg fordi eg skreiv mykje om kvinnesaker ei tid, og så sa dei: Å, no sviktar han oss, no skriv han om menn, så han er vel ein av desse som vil ha makt over kvinner. Men så - eg brukte å ha møte, der kunne vera ein tre-fire hundre menn. Og ein gong då eg såg opp var det ei kvinne der – ingen tvil, ei kvinne utkledd som mann. Og ho var blitt send av kvinnerørsla som spion for å finna ut kva eg gjorde.
ØS: Så du let ikkje kvinner koma på desse møta?
RB: Nei. For det første så har ikkje menn så mange høve til å snakka saman. Og det fanst ingen stad der dei kunne gjera det. Så eg ordna med ein slik stad der dei kunne koma og seia det dei ville. Dei fleste snakka om at dei sakna far sin. Og då sa kvinnene:
- Saknar du ikkje mor di?
- Vel, det er ikkje det som er poenget. Eg saknar far min!
Så det brukte då å vera ei gruppe menn med usynlege fedrar. Og ein gong i blant tok ein far med sonen sin. Eller sonen tok med faren. Så det var ikkje noko antifeministisk det. Dei forstod det etter kvart.
ØS: Ja?
RB: Ja, det er slik det er, menn har ikkje høve til å snakka med kvarandre. Kvinnene gir ofte døtrene sine meir ansvar enn det mennene gir sønene, og eg veit ikkje grunnen til det. Kanskje er det slik at mennene føler at det er fare for at sønene ikkje vil vera glade i dei, så dei prøver å vera mjuke med sønene sine. Så det er vanskeleg. Og hardt for gutane.

Ingen kommentarer: