mandag 10. mars 2008

Robert Bly – poet og samfunnskritikar


Robert Bly vart fødd i 1926 i Madison, Minnesota av foreldre med norsk opphav. I 1956 reiste han til Norge med Fulbrightstipend for å omsetja norske dikt til engelsk. Seinare har han bl.a. omsett Rolf Jackobsen og Olav H. Hauge til engelsk.

I 1966 grunnla Robert Bly organisasjonen Forfattar mot Vietnamkrigen. Då han i 1969 fekk Den nasjonale bokprisen (the National Book Award ) for diktsamlinga Light Around the Body, gav han pengane til anti-Vietnamkrigs-rørsla.

Robert Bly har gitt ut 20 diktsamlingar, sju antologiar, 13 omsetjingar og sju ikkje-skjønnlitterære verk. Blant dei seinaste diktsamlingane er ”The Night Abraham Called to the Stars”. I denne diktsamlinga, påbegynt før 11. september 2001, er alle dikta er skrivne i den krevande, arabiske ghazal-forma. Bly formulerer i denne samlinga bl. a. krass kritikk mot den amerikanske krigføringa i Irak.

Robert Bly er kjend for å tala mannen si sak. Han blir rekna som grunnleggaren av den myto-poetiske rørsla (the Mythopoetic Men’s Movement) med boka Mannen. Ei bok om menn (Iron John. A Book About Men ) frå 1990, og er òg kjend for bl.a. essayet Søskensamfunnet (The Sibling Society) om ’det farlause samfunnet’.

Vinteren 2008 sette Guthrie-teateret i Minneapolis opp Ibsen-stykket Peer Gynt i Robert Bly si omsetjing. Framsyninga hausta mange lovprisingar, bl.a. for Robert Bly si omsetjing og skodespelaren Mark Rylance si tolking av hovudrolla.

26. februar 2008 utnemnde guvernøren av Minnesota Robert Bly til ærespoet for staten Minnesota. I media kommenterte Bly utnemninga bl. a. slik: ”Det er kjekt å bli litt verdsett i din eigen stat. Det er viktig for meg. … Eg er fødd i det vestlege Minnesota, og vi har ein god litterær tradisjon i denne staten. Eg set pris på at dei tenker på meg som ein del av denne tradisjonen. Dei skreiv til meg og sa noko om det, og eg svarte at dersom det ikkje fører noko arbeid med seg, så er det greitt for meg. … Å ha ein ærespoet i staten vil vera til støtte for enkelte av dei yngre, komande diktarane.”

Våren 2008 er den 81-årige poeten invitert til å halda ei forelesingsrekkje ved Standford-universitetet i California om diktarar han har kjent.

Ingen kommentarer: