fredag 15. februar 2008

Manhattan & Topeka, Kansas



Dette er eit uendeleg stort land - i utstrekning. Og eit land der det skjer mykje som ikkje er så stort - eller så kjekt. I går såg eg på internett at 18 personar var skadde av ein tulling med skytevåpen på eit college ved Chicago. I ettermiddag las vi i ei avis at det var fem døde og minst 12 skadde.

Personleg har eg berre opplevd positive ting, om ein kan seia det slik. Vi starta frå Waconia kl 04.15 natt til i dag (fredag), 9 timars biltur sørover til Manhattan i Kansas. Det var ein tur frå mørke til lys, frå snø og streng kulde i Minnesota, gjennom statane Iowa og Missouri til det mildare og meir vårlege Kansas.

Det var hit til Iowa at oldefar Oddmund og oldemor Ragna Kambestad kom i siste del av 1880-åra, det var her dei hadde ein farm då dei fekk dei fire borna sine, Sivert, Sigrid (mormor mi), Edvin og Hanna.

Og det var denne garden dei selde då dei i 1898/99 reiste heim igjen til Noreg og til Hardanger fordi Ragna var blitt sjuk av tuberkulose.

Sigrid Oddumundsdotter Bleie, og dei tre søskena hennar, Sivert, Edvin og Hanna, var altså alle fødde der, i Iowa. Besta (Sigrid) har fortalt at det gjekk ei toglinje rett forbi garden. Tenk kor artigt det hadde vore om eg hadde funne den staden der farmen låg!

På turen vår gjennom Iowa og Missouri bar det vidare med oss inn i Kansas, bl.a. på ein bit av den første interstate motorvegen i USA (bildet). Etter besøket i Manhattan, på Kansas State University (der Carrie, dottera til Barbara og Jarrett studerer arkitektur), reiste vi tilbake igjen til hotellet i Topeka, hovudstaden i staten Kansas, der vi hadde reservert rom .

I morgon er det nye 8 timar i bil heim til Waconia. blant anna gjennom Iowa på nytt.

På søndag skal vi sjå Peer Gynt, og så treffer eg Robert og Ruth, og bror til Jarrett i den neste veka.

Neste helg skal vi til Nord Dakota, om det ikkje blir uver.

Ingen kommentarer: