lørdag 16. februar 2008

Heim igjen til Waconia, Minnesota







Vi fekk ein fin tur heim igjen under blå himmel og sol. Landskapet veksla igjen frå det litt karrige jordsmonnet i Kansas og Missouri, der det nesten ikkje var snø igjen på bakken, til det meir frodige og rike Iowa og Minnesota, med snødekte marker og store område med dyrka mark.


Igjen måtte eg tenka på oldefaren min, Oddmund Kambestad og kona hans, oldemora mi, Ragna Kambestad. Dei emigrerte frå Norge til Amerika i 1886. Dei gifta seg der borte, kjøpte ein farm i Iowa og fekk dei fire borna sine mens dei budde på den farmen (Sivert, fødd 1891, Edvin (1893), Sigrid (1895), og Hanna (1897). Etter at Hanna var fødd, vart Ragna sjuk. Ho hadde fått tæring (tuberkulose), og familien selde farmen og reiste heim igjen til Norge, der Ragna Kambestad døydde i 1899, 32 år gammal.



Mens vi køyrde nordover gjennom Iowa igjen og eg såg på kartet, tenkte eg på at det må vel finnast nokon i familien som veit noko om kvar i Iowa den farmen var. - Er det nokon som kjenner til i kva for 'county' ('fylke') eller 'township' ('herad', 'kommune') farmen til Oddmund og Ragna Kambestad låg?

fredag 15. februar 2008

Manhattan & Topeka, Kansas



Dette er eit uendeleg stort land - i utstrekning. Og eit land der det skjer mykje som ikkje er så stort - eller så kjekt. I går såg eg på internett at 18 personar var skadde av ein tulling med skytevåpen på eit college ved Chicago. I ettermiddag las vi i ei avis at det var fem døde og minst 12 skadde.

Personleg har eg berre opplevd positive ting, om ein kan seia det slik. Vi starta frå Waconia kl 04.15 natt til i dag (fredag), 9 timars biltur sørover til Manhattan i Kansas. Det var ein tur frå mørke til lys, frå snø og streng kulde i Minnesota, gjennom statane Iowa og Missouri til det mildare og meir vårlege Kansas.

Det var hit til Iowa at oldefar Oddmund og oldemor Ragna Kambestad kom i siste del av 1880-åra, det var her dei hadde ein farm då dei fekk dei fire borna sine, Sivert, Sigrid (mormor mi), Edvin og Hanna.

Og det var denne garden dei selde då dei i 1898/99 reiste heim igjen til Noreg og til Hardanger fordi Ragna var blitt sjuk av tuberkulose.

Sigrid Oddumundsdotter Bleie, og dei tre søskena hennar, Sivert, Edvin og Hanna, var altså alle fødde der, i Iowa. Besta (Sigrid) har fortalt at det gjekk ei toglinje rett forbi garden. Tenk kor artigt det hadde vore om eg hadde funne den staden der farmen låg!

På turen vår gjennom Iowa og Missouri bar det vidare med oss inn i Kansas, bl.a. på ein bit av den første interstate motorvegen i USA (bildet). Etter besøket i Manhattan, på Kansas State University (der Carrie, dottera til Barbara og Jarrett studerer arkitektur), reiste vi tilbake igjen til hotellet i Topeka, hovudstaden i staten Kansas, der vi hadde reservert rom .

I morgon er det nye 8 timar i bil heim til Waconia. blant anna gjennom Iowa på nytt.

På søndag skal vi sjå Peer Gynt, og så treffer eg Robert og Ruth, og bror til Jarrett i den neste veka.

Neste helg skal vi til Nord Dakota, om det ikkje blir uver.

torsdag 14. februar 2008

Framme i Minneapolis og Waconia












Så var eg der! Eg kom hit til Minneapolis i går kl. 12.00 lokal tid (kl 19.00) norsk tid. Ein grei tur. Fulle fly (men edrue passasjerar), god flymat, og ikkje altfor slitsomt om kvelden her. Heldigvis går Barbara og Jarrett (dei eg er hos) tidleg til ro fordi dei startar grytidleg (04.30, pga trafikkforholda) når dei skal på jobb. Vi hadde ein nydeleg middag med walleye (fisk). Då eg la meg var klokka 04.00 norsk tid, 21.00 midtvest-tid.

Jarrett kom og henta meg på flyplassen. Han måtte tilbake på jobb, så eg fekk han til å setja meg av nede i Minneapolis sentrum. Der var det veldig lite folk i gatene, men eg forstod snart at det er ein grunn til at det er så mange gangbruer mellom bygningane i dei ulike kvartala. Alt folket oppheld seg innandørs! I Minneapolis har dei laga det slik at du kan gå inne i behageleg temperatur (19-21 grader) mens det om vinteren er surt og minus 10-15 grader ute. Butikkane er (dei fleste) i andre og i første etasje, og det kryr ellers av små coffeebars, Taco Bell's osv.
I natt kom det litt snø, no er det igjen opphald, litt vind, ca -10 gr C og sol. I morgon skal vi (om det ikkje kjem meir snø) til Manhattan, Kansas. Opp av senga ca kl 04.00!



lørdag 2. februar 2008

USA-bloggen 2008


Kjære lesar (du som er invitert er i Bleie-/Kambestad-slekta eller i vennskapssirkelen),

Eg hadde ikkje trudd at dette skulle henda om du hadde spurt meg for ein månad sidan, men på fredag (1/2) gjorde eg det: Eg kjøpte flybillettar på nettet, KLM frå Bergen til Minneapolis via Amsterdam. Avreise 13. februar, og fly heim igjen frå Minneapolis 25. februar.

Det som trigga meg var då eg 'googla' Robert Bly, og på internett kunne lesa flotte omtalar av Peer Gynt-oppsetjinga som han har omsett frå norsk og bearbeidd for Guthrie-teateret i Minneapolis. Eg skreiv nesten sporenstreks ein e-post til Robert og Ruth og gav uttrykk for at eg hadde lyst til å koma og treffa dei og sjå stykket før det blir tatt av plakaten 2. mars. Eg fekk e-post tilbake om at dei gjerne ville sjå stykket saman med meg.

Samstundes skreiv eg til Jarrett og Barbara at eg tenkte å koma og at eg hadde lyst til å treffa dei. Som dei gjestfrie folka dei er svarte dei at eg var velkommen til å bu hos dei. Og dermed var det gjort. No har eg elektroniske billettar med KLM til Minneapolis og heim igjen.

Så no må eg førebu denne turen godt. Både det som gjeld Robert Bly og Peer Gynt, og det andre som eg tenker på: ein biltur frå Minneapolis til ein stad nær Watford City i Nord Dakota, der vi i slekta eig desse mineralrettane.

Meir om begge delar kjem her i seinare innlegg. Eg skriv bloggen både på norsk og engelsk for at dei som berre les det eine språket kan henga med. Eg er glad om du tar deg tid ti å skriva ein kommentar. Eller - om du vil - sender meg ein e-post, så er eg veldig glad for å kunna lesa den!